Treng du rask fornying av attestar?

Våre legar kan hjelpe deg med fornying av petroleums-, sjømanns- eller førarkortattest på kort varsel.

Lat ikkje lange ventetider setje attesten du treng til arbeidet ditt på vent – kontakt oss for time i dag.

Kan du ha behov for fornying av attest?

Du som jobbar offshore vil kvart andre år måtte fornye petroleumsattesten din, også kjend som offshoreattest. 

Jobbar du på sjøen? Enten du er yrkesarbeidar på eit lokalt ferjesamband, eller seglar over verdshav i ditt virke, krev det at du har gyldig sjømannsattest. Som hovudregel må denne fornyast annakvart år. 

Vi har legar som er sertifiserte til å utstede både petroleums- og sjømannsattestar, og tilbyr å utføre helsesjekken du treng - utan ventetid.

Treng du helseattest til førarkort?

Helse, alder og førarkortklasse avgjer kor ofte du vil trenge å fornya helseattest. 

Fornying av førarkort til tunge klassar vil som hovudregel krevjast kvart femte år, fram til ein fyller 66 år. Ved svekka helse kan eigne fristar gjelde.

Sjå også Statens Vegvesen sin informasjon om fornying av førarkort.

Korleis føregår fornying av attest ?

Våre sertifiserte legar utfører helsesjekken du treng til den aktuelle attesten.

Kvar kan eg henvende meg for fornying av attest?

Kontakt oss for å finne kva kontor i nærleiken av deg som tilbyr fornying av attesten du treng.

 

NyheitGasta Design