Kvifor psykososialt arbeidsmiljø er viktig?

For ei bedrift er det psykososiale miljøet heilt essensielt for å auke produktiviteten. Noreg er eit av dei landa med høgast produktivitet, noko som har gjort oss konkurransedyktige trass i eit høgt kostnadsnivå. Likevel er arbeidsmiljøtiltak noko av det som små og mellomstore bedrifter bryr seg lite om, og blir mest sett på som ein kostnad heller enn ein moglegheit.

For bedrifter kan det å styrke det psykososiale arbeidsmiljøet virke bra, men likevel er det sjeldan slik at bedriftene jobbar systematisk med dette arbeidet for å forbetre arbeidsmiljøet. Sanninga er at for kvar krone ei bedrift legg igjen for å betre arbeidsmiljøet, gir det 2,20 kroner tilbake i auka lønnsemd. Til samanlikning gir Facebook-annonsar 68 øre. (https://forskning.no/okonomi-arbeid-forebyggende-helse/det-er-lonnsomt-a-sette-inn-tiltak-for-bedre-arbeidsforhold/377937)

Bedriftshelse1 går inn i bedrifter for å styrke det psykososiale arbeidsmiljøet. Det er ei av våre viktigaste oppgåver. Anten det gjeld å kartlegge, utøve eller støtte leiing og arbeidsgjevar, jobbar vi målretta for at di bedrift skal være meir produktiv og ha lågare sjukefråvær. Bedriftshelse1 jobbar alltid i våre kundar sine beste interesse. Det er kundane som eig oss, og vi jobbar for å tilby kvaliteten som er nødvendig for at tilsette i bedrifter skal ha eit godt arbeidsmiljø og unngå sjukemelding og sjukefråvær.  

Les også: Rekn ut kor mykje sjukefråværet kostar di bedrift

Kva er Psykososialt arbeidsmiljø?

Det er vanleg å blande psykososialt arbeidsmiljø og organisatorisk arbeidsmiljø. Likevel skil arbeidsmiljøloven mellom dei to. Det psykososiale arbeidsmiljøet handlar om det mellommenneskelege forholdet på arbeidsplassen, den enkelte arbeid og korleis dei verkar inn på arbeidstakaren, organisatoriske forhold og organisasjonskultur. Arbeidsmiljøloven er til for å forhindre at arbeidstakar blir utsett for forhold av negativ psykososial karakter, og at belastning på arbeidsgjevar blir for stor.

Dei tema som loven regulerer når det gjeld psykososiale forhald er:

  • Integritet og verdigheit

  • Kontakt og kommunikasjon

  • Trakassering og annan utilbørleg opptreden

  • Vald, trusslar og uheldige belastingar som følgje av kontakt med andre

  • Arbeidsrelatert stress

  • Konflikt

Alt det som gjeld i arbeidsmiljøloven er for å sikre den produktiviteten som er nødvendig for ei norsk bedrift. Det er viktig for arbeidstakar at ein jobbar systematisk med det psykososiale arbeidsmiljøet. Ikkje fordi det er lovpålagt, men fordi det er profitabelt for bedrifta og aukar produktiviteten. Bedriftshelse1 vil gå inn for å kartlegge kva forbetringar ein kan gjere, og er ein støttepartnar som sikrar at alle bedrifter har moglegheit til å ha kompetanse tilgjengeleg for å jobbe målretta og effektivt med å forbetre det psykososiale miljøet på arbeidsplassen. 

Vi pleier å dele det psykososiale arbeidsmiljøet opp i

  • psykologiske

  • sosiale

  • organisatoriske faktorar.

Psykologiske faktorar handlar om arbeidsoppgåvene og arbeidsinnhaldet i jobben. Dette går ut på mellom anna arbeidsmengde, tidspress, kontroll over eiga arbeidssituasjon og rollekonfliktar. Sosiale faktorar omhandlar det forholdet ein har til kollegaer, leiarar, kundar og andre medverkande personar.

Sosiale faktorar påverkar arbeidsmiljøet i sterk grad. Det handlar ikkje om sosiale samankomstar utanom jobben, men kartlegging av korleis dei sosiale faktorane på jobben påverkar det arbeidet ein gjer.

Det organisatoriske handlar om måten bedrifta er organisert på. Det handlar om korleis arbeidet er organisert, kven ein rapporterer til, ulike leiingsnivå og omorganiseringar.

Konsekvensane av dårleg psykososialt miljø kan være store. Dårleg psykososialt miljø er ei påkjenning for alle dei involverte. Anten det er dei andre tilsette på arbeidsplassen, eller familie og venner vil det få konsekvensar. Og for bedrifter er det mykje enklare, og billegare å jobbe med å førebyggje sjukefråvær enn å redusere.

Mange bedrifter kjem til oss som bedriftshelseteneste når dei opplever høgt sjukefråvær og dei ser det får konsekvensar av dårleg psykososialt arbeidsmiljø på arbeidsplassen. Dette er for mange bedrifter seint i prosessen, og kan være svært kostbart over lengre tid.

Dårleg psykososialt arbeidsmiljø kan få konsekvensar raskt, men vanlegvis er det noko som tek tid før ein merkar det i form av sjukefråvær og produktivitetstap. Når det først er komme til eit punkt der det er uuthaldeleg, har det store konsekvensar då angst og psykologiske problem som følgjer av dårleg psykososialt miljø er eit vedvarande problem som ikkje kan løysast over ei veke.

Og med ein kostnad med sjukefråvær på 15 000 kroner i veka, utan at påkjenninga på kollegaer er medrekna, kan det bli svært kostbart for bedrifta.

Om ein jobbar systematisk forebyggande unngår ein desse problema. 

Korleis jobbar ein med psykososialt arbeidsmiljø?

I Bedriftshelse1 er menneskeleg nærleik til den enkelte bedrifta essensiell for at vi skal kunne tilby gode tenester. Vi meiner at ei bedriftshelseteneste må kunne ha kapasitet og nærleik til å respondere på henvendelsar raskt og med høg kvalitet.

Som medlemsorganisasjon utan profitt som mål, men kvalitet på tenestene, har vi ressursane til å tilby denne nærleiken. Vi har 11 kontor i Sogn og Fjordane og Hordaland, og er Vestlands største bedriftshelseteneste. Om ein ser at det er behov for førebyggjande arbeid, skal vi vere tilgjengeleg.

Måten vi jobbar på, er ein kontinuerleg kartlegging av arbeidsplassen for å sikre oss om at vi har informasjonen som er nødvendig for å ta gode og gjennomtenkte val og råd.

Det er ikkje noko «one size fits all». Difor tilpassar vi vår rådgiving og teneste til kvar enkelt bedrift for at du skal få høgast mogleg «Return of Investment». Vi jobbar med tiltak som skapar godt arbeidsmiljø, og som førebyggjer konflikter. Likevel er det i mange tilfeller slik at ein ender opp med dårleg psykososialt miljø.

Vi har psykologar og sjukepleiarar med psykososialt miljø som spesialfelt, som gjer at vi raskt kan assistere bedrifter der ein allereie opplever dårleg arbeidsmiljø eller høgt sjukefråvær.

Konsekvensane av eit godt psykososialt arbeidsmiljø

Eit dårleg psykososialt arbeidsmiljø har mange negative verknader. For eksempel stress, angst og frykt. Vi jobbar for at dei tilsette skal jobbe betre, og meir effektivt. Vi har bygd opp kompetansen vår for å forbetre det psykososiale miljøet, både når det gjeld førebygging før krevjande prosessar, og når desse prosessane pågår, for å sikre eit godt og trygt arbeidsmiljø. På den måten skapar vi ein stabilitet i bedrifta der ein unngår effektivitetstap og sjukefråvær.

Ein faktor mange bedrifter gløymer å ta med når ein kalkulerer kostnader ved arbeidsmiljøet er effektivitetstapet. Mange bedrifter opplever at produktiviteten går ned, sjølv om sjukefråværet er det same som før.

Gjennom kartlegging og målretta tiltak for å forbetre det psykososiale miljøet kan ein styrke produktiviteten blant dei tilsette, skape god trivsel og gjere arbeidsplassen til noko heile bedrifta ønskjer å ta del i. Då slepp ein kostbar turnover og låg produktivitet.

BloggGasta Design