Vårseminaret klargjorde krava til psykososialt og organisatorisk arbeidsmiljø
Vårseminaret i Norheimsund løfta fram dei nye presiseringane i arbeidsmiljølova og kva dei betyr i praksis for norske verksemder.
Onsdag 22. april arrangerte Bedriftshelse1 årets Vårseminar på Thon Hotel Sandven i Norheimsund. Over 100 deltakarar frå heile regionen var samla. Leiarar, tillitsvalde, verneombod, AMU‑medlemmer, HR og tilsette frå kommunar og ulike bransjar deltok.
Seminaret sette søkjelys på dei nye presiseringane i arbeidsmiljølova som tredde i kraft 1. januar 2026, og som klargjer krava til eit fullt forsvarleg psykososialt og organisatorisk arbeidsmiljø.
Arbeidstilsynet, ved seniorrådgjevar Øyfrid Geiring og seniorinspektør Lena Westjord, gav ein grundig gjennomgang av bakgrunnen for tydeleggjeringa i regelverket, kva endringane inneber i praksis for verksemdene, og kva Arbeidstilsynet forventar av arbeidsgivarar framover. Innlegget la til rette for god dialog og mange refleksjonar frå deltakarane.
Eli Rongved, spesialist i psykomotorisk fysioterapi og universitetslektor ved Nord universitet, heldt foredraget «Når jobben tærer på – og korleis handterer me dette?», der ho tok for seg korleis emosjonelle krav i arbeid med menneske kan påverke både den enkelte, og arbeidsmiljøet over tid. Ho belyste ansvar, roller og mynde når jobben tærer på, og viste kor viktig støttande leiing, tydelege roller og ei fungerande etisk infrastruktur er for å førebyggje uheldige belastningar.
Seminardagen vart avslutta av sivilingeniør og forfattar Lars G. Wessel Johnsen, som gav deltakarane konkrete døme på korleis risikovurdering kan gjennomførast i praksis og gje reell nytteeffekt, både for arbeidsmiljø og verksemd.
I tillegg til det faglege innhaldet vart seminaret òg ein viktig møteplass, der deltakarar frå ulike bransjar og arbeidsplassar fekk høve til å bli kjende, utveksle erfaringar og sjå korleis andre jobbar med tilsvarande utfordringar. Dette bidreg til fagleg fellesskap, inspirasjon og læring på tvers av verksemder.
Vårseminar 2026 vart samla sett ein fagleg sterk og engasjerande dag, som gav deltakarane både oppdatert kunnskap, nye perspektiv og praktiske verktøy å ta med seg til vidare arbeid med eit trygt, ryddig og fullt forsvarleg arbeidsmiljø.