Ledig stilling: Fysioterapeut / Ergoterapeut – 100% fast stilling

‍ ‍

Bedriftshelse1 er ei offentleg godkjend bedriftshelseteneste som leverer førebyggande tenester innan helse, miljø og sikkerheit. Vi er eit tverrfagleg team på 56 medarbeidarar, med brei erfaring og eit godt renommé. Vi har god bransjekunnskap og legg vekt på fagleg oppdatering og utvikling. Med 11 bemanna kontor er Bedriftshelse1 den største lokalt forankra bedriftshelsetenesta på Vestlandet

‍ ‍

Fysioterapeut / Ergoterapeut – 100% fast stilling
Vi har ledig fast 100% stilling for fysio- eller ergoterapeut. Om du har rett bakgrunn, og interesse for/erfaring med førebyggande arbeid for å unngå muskel- og skjelettplager pga. arbeidet, er du velkomen til å søkje. Arbeidsområdet vil vere i Sunnfjord, med kontortilknyting i Førde og Florø. Ein stor del av arbeidet vil utførast ute i våre mange kundebedrifter.

‍ ‍

Dine hovudoppgåver vil vere:                                                                                                        

  • Individuell tilrettelegging og rådgjeving

  • Arbeidsplassvurderingar

  • Kartleggingar og risikovurderingar av arbeidsmiljø i bedrifter

  • Kurs og ergonomiopplæring hos kundar på individ- og gruppenivå

  • HMS-rådgjeving, oppfølging og kontaktansvar mot kundar

  • Tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper i bedriftshelsetenesta

  • Rådgjeving til kollegaer innan andre fagområde

‍ ‍

Kvalifikasjonar:

  • Offentleg godkjend fysioterapeut eller ergoterapeut

  • Gode kommunikasjonsevner og evne til å byggje relasjonar

  • Evne til å jobbe i team, vere engasjert, uredd og initiativrik

  • Fleksibel og motivert for å lære nye oppgåver

  • Har erfaring frå førebyggande arbeid

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne, van med å bruke dataverktøy

‍ ‍

Personlege eigenskapar:
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, løysingsorientert og fleksibel. Evne til å byggje tillit hos kundar og tilsette, interesse for førebyggjande arbeid og arbeidsmiljø.

Vi tilbyr ei spennande stilling i eit godt og trygt arbeidsmiljø, der du får jobbe tett saman med erfarne fagfolk med mål om å utvikle HMS-kunnskapen og redusere sjukefråveret hos kundane våre. Vi tilbyr konkurransedyktig løn, fast arbeidstid og gode personalordningar, der du kan vere med å påverke jobbkvardagen og utvikle deg personleg.

Referansar og personlege eigenskapar vert vektlagt. Jobben vil medføre ein del reising, så du må ha førarkort for personbil og disponere eigen bil.

­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­For spørsmål, kontakt områdeleiar Tone Botten, tlf.: 48596496

‍ Sjå også vår heimeside www.bedriftshelse1.no

Søknad med cv og referansar sendast til: tone.botten@bedriftshelse1.no

‍ ‍

Søknadsfrist: 10.06.2026

‍ ‍

Neste
Neste

Vårseminaret klargjorde krava til psykososialt og organisatorisk arbeidsmiljø