Vi søker etter fagperson med bachelor/master innan kjemi, biologi, HMS eller yrkeshygiene
Vi ser etter ein engasjert yrkeshygienikar i 100 % stilling til vårt kontor i Odda. Søknadsfrist 5. oktober.
Om du ynskjer å bruke din kompetanse til å styrke arbeidshelse i eit førebyggande perspektiv, har vi ei utfordrande og utviklande stilling til deg!
Vi søker etter deg med kompetanse innan HMS, kjemi, biologi, yrkeshygiene eller anna relevant kompetanse. Vår nye medarbeidar vil inngå i vårt team på 12 yrkeshygienikarar, og jobbe tverrfagleg saman med øvrig helsepersonell i bedrifta.
Kvifor Odda?
Odda ligg midt mellom fjord og fjell, med spektakulær natur, kort veg til Hardangervidda og eit lokalsamfunn med lange tradisjonar innan industri. Her får du det beste frå to verdar – eit rikt og variert arbeidsliv kombinert med unike moglegheiter for friluftsliv, kultur og trivsel.
Hjå oss får du arbeide tett på spennande kundar innan industri, prosessverksemd, bygg og andre bransjar der yrkeshygieniske problemstillingar står høgt på agendaen. Du blir ein viktig del av eit sterkt fagmiljø som brenn for å skape trygge og helsefremjande arbeidsplassar.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåvene vil vere å kartlegge og undersøke kjemiske, biologiske og fysiske arbeidsmiljøfaktorar, inkludert vurdering av risiko for helseskade, og å føreslå førebyggande tiltak.
Arbeidsfeltet er breitt og medfører også kundekontakt, opplæring/kurs vedr. utfordringar i arbeidsmiljøet, rådgjeving i byggesaker, og rådgjeving til våre kundar i forhold til arbeidsmiljø og systematisk HMS-arbeid.
Må ha: Bachelorgrad frå relevant teknisk/naturvitskapleg høgskule/universitet, god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Ønskeleg: Praktisk erfaring frå kartlegging, måling, analysar/rapportering innan fagområdet, erfaring frå undervisning/opplæring, god forståing for yrkeshygienisk måleteknikk og prøvetaking, samt kunnskap om relevant arbeidsmiljø-lovverk.
Vi ynskjer ein kollega som er samarbeidsorientert, systematisk, kan jobbe sjølvstendig, og som kan bidra til gode relasjonar både internt og med kundar/oppdragsgjevarar.
Kvalifikasjonar:
Må ha: Bachelorgrad frå relevant teknisk/naturvitskapleg høgskule/universitet, god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Ønskeleg: Praktisk erfaring frå kartlegging, måling, analysar/rapportering innan fagområdet, erfaring frå undervisning/opplæring, god forståing for yrkeshygienisk måleteknikk og prøvetaking, samt kunnskap om relevant arbeidsmiljø-lovverk.
Vi ynskjer ein kollega som er samarbeidsorientert, systematisk, kan jobbe sjølvstendig, og som kan bidra til gode relasjonar både internt og med kundar/oppdragsgjevarar.
Vi kan tilby:
Eit positivt og uformelt arbeidsmiljø med kjekke og kompetente kollegaer
Varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver
Fagleg og personleg utvikling
Mange gode personalordningar
Fleksibel arbeidstid
Generell informasjon:
Jobben vil medføre ein del reising/kundeoppfølging, så du må ha førarkort for personbil. For spørsmål om stillinga, kontakt regionleiar Ranveig Ure, tlf.: 41569074, ranveig.ure@bedriftshelse1.no
Søknad med cv sendast til: post@bedriftshelse1.no
Søknadsfrist 5. oktober: Aktuelle søkjarar blir vurderte fortløpande – så send søknaden din snarast mogleg.
Om Bedriftshelse1
Bedriftshelse1 er ei offentleg godkjend bedriftshelseteneste som leverer førebyggande tenester innan helse, miljø og sikkerheit. Vi er eit tverrfagleg team på 56 medarbeidarar, med brei erfaring og eit godt renommé. Vi har god bransjekunnskap og legg vekt på fagleg oppdatering og utvikling. Med 11 bemanna kontor er Bedriftshelse1 den største lokalt forankra bedriftshelsetenesta på Vestlandet.