Ledig stilling: Yrkeshygienikar/ verneingeniør i Førde

Yrkeshygienikar/verneingeniør – fast 100% stilling

Har du interesse for og kompetanse på å arbeide med arbeidshelse i eit førebyggande perspektiv, har vi ei spanande jobbutfordring til deg!

Vi søkjer etter yrkeshygienikar/verneingeniør med kontorstad i Førde. Vår nye medarbeider vil inngå i vårt team på 10 yrkeshygienikarar og jobbe tverrfagleg saman med øvrig helsepersonell i bedrifta.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil vere å kartlegge og undersøke kjemiske, biologiske og fysiske arbeidsmiljøfaktorar, inkludert vurdering av risiko for helseskade, og å føreslå førebyggande tiltak.

Arbeidsfeltet er breidt og medfører også kundekontakt, opplæring/kurs vedr. utfordringar i arbeidsmiljøet, rådgjeving i byggesaker, og rådgjeving til våre kundar vedk. arbeidsmiljø og systematisk HMS-arbeid.

Kvalifikasjonar:

  • Bør ha minimum bachelorgrad frå relevant teknisk/naturvitskapleg høgskule/universitet

  • Praktisk erfaring frå kartlegging, måling, analysar/rapportering innan fagområdet

  • God norsk muntleg og skriftleg framstillingsevne og erfaring frå undervisning/opplæring

  • I tillegg er det ønskjeleg med god forståing for yrkeshygienisk måleteknikk og prøvetaking, samt kunnskap om relevant arbeidsmiljø-lovverk.

Vi ønskjer ein kollega som er samarbeidsorientert, systematisk, kan jobbe sjølvstendig, og som kan bidra til gode relasjonar både internt og med kundar/oppdragsgjevarar.

Vi kan tilby:

  • eit positivt og uformelt arbeidsmiljø med kjekke og kompetente kollegaer

  • varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver

  • fagleg og personleg utvikling

  • gode personalordningar



Generell informasjon:

Jobben vil medføre ein del reising/kundeoppfølging, så du må ha førarkort for personbil. ­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­For spørsmål om stillinga, kontakt områdeleiar Tone Botten, tlf.: 48596496

 

Søknad med cv sendast til: tore.boe@bedriftshelse1.no

Søknadsfrist: 11. mars 2024.


Om Bedriftshelse1

Bedriftshelse1 er ei offentleg godkjend bedriftshelseteneste som leverer førebyggande tenester innan helse, miljø og sikkerheit. Vi er eit tverrfagleg team på 52 medarbeidarar, med brei erfaring og eit godt renommé. Vi har god bransjekunnskap og legg vekt på fagleg oppdatering og utvikling. Med 11 bemanna kontor er Bedriftshelse1 den største lokalt forankra bedriftshelsetenesta på Vestlandet.  

Gasta Design