SMB99 - eit samarbeid for sterkare og friskare bedrifter
Bedriftshelse 1 har inngått samarbeid med SMB99 – eit samarbeid som gir meining på fleire nivå. Begge jobbar tett på små og mellomstore bedrifter, og har eit felles mål om å styrke norsk næringsliv.
SMB99 har sitt utgangspunkt i Bergen, og er ein viktig støttespelar for bedrifter som ønskjer betre rammevilkår, vekst og utvikling. Nyleg har også Bedriftshelse 1 etablert seg i Bergen. Det gjer det ekstra naturleg å finne saman lokalt, og bygge eit samarbeid tett på næringslivet i Vestland.
Samtidig veit vi at god drift handlar om meir enn tal og strategi. Det handlar også om menneska i organisasjonen. Her kjem Bedriftshelse 1 inn.
Med vår solide kompetanse på arbeidsmiljø, helse og førebygging av sjukefråvær, bidreg Bedriftshelse 1 til at tilsette har det bra på jobb – noko som igjen gir meir stabile og produktive verksemder. Når tilsette trivst, presterer dei betre. Det er bra for både folk og resultat.
Arrangement
Saman med SMB99 vil vi tilby arrangement som skal gie fagleg påfyll, erfaringsdeling og mulegheit til å bygge verdifulle relasjonar med andre leiarar, HR og HMS-tilsette i regionen.
Seminar 15. september - Sogndal
“Bærekraftig leiing med fokus på helsefremjande arbeidsmiljø og HMS”
Set av datoen i dag.
Meir informasjon om seminaret kjem om kort tid.