Bedriftshelse1 og SMB99 inviterar til fagseminar om leiing, arbeidsmiljø og berekraft:
Ein god og berekraftig arbeidsplass – kva inneber det?
Dato: Onsdag 16. september
Tid: Kl. 12.00
Stad: Svingen-bygget, Campus Sogndal
Bedriftshelse1 og samarbeidspartnar SMB99 inviterer toppleiarar, HR-leiarar og HMS-ansvarlege til eit inspirerande fagseminar om leiing, arbeidsmiljø og berekraft.
Korleis byggjer vi arbeidsplassar der medarbeidarane trivst, utviklar seg og ønskjer å bli verande?
Kva kjenneteiknar verksemder som lukkast med å vere både attraktive arbeidsgivarar og lønsame over tid?
Menneska er verksemda sin viktigaste ressurs. Korleis vi leier, utviklar og tek vare på medarbeidarane våre påverkar både arbeidsmiljø, resultat og framtidig konkurransekraft. Berekraft handlar ikkje berre om kostnader og rapportering – det handlar først og fremst om langsiktig verdiskaping.
Gjennom innlegg frå leiande verksemder i Sogn og Bergen får du innsikt i korleis dei arbeider i praksis for å skape framtidsretta arbeidsplassar.
Målet er å gi inspirasjon og idear du kan ta med tilbake til eiga verksemd.
Saman ønskjer Bedriftshelse1 og SMB99 å styrkje små og mellomstore bedrifter på Vestlandet.
Gjennom kunnskapsdeling, nettverk og faglege møteplassar set vi fokus på korleis godt leiarskap, helse, trivsel og sterke arbeidsmiljø skaper grunnlag for berekraftig vekst, auka konkurransekraft og framtidig verdiskaping i regionen.
Dette arrangementet er ein arena for læring, inspirasjon og samarbeid – til beste for både menneska og bedriftene på Vestlandet.
(Foto: Fosshaugane as - Svingen-bygget)
Program
12:00 Mingling og enkel lunsj
12:30 Velkommen
Styrke leiarskap på Vestlandet/Kvifor denne møteplassen?
v/ Mona Biering/Ståle Stormark, SMB99
13:00 – Fagleg innlegg: Kva er helsefremmande vs. helseskadeleg leiing?
Konsekvensar for tilsette og resultat
v/ adm.dir Randi Marie Sjøholt, Bedriftshelse1
13:45 – Perspektiv frå næringslivet (1)
Hydro Årdal – berekraft i praksis i norsk industri
v/ HMS-sjef Hanne Hoel Pedersen, Hydro Aluminium
14:15 – Pause
14:30 – Perspektiv fra næringslivet (2)
Lerum – eit lokalt firma med globalt miljøansvar.
v/ HR-leiar Mathias Grehl, Lerum
15:00 Perspektiv frå næringslivet (1)
SIMAS – ein grøn motor i Sogn
v/ direktør Dagny Ugulsvik Alvik, Simas IKS
15:30 – Inspirasjon
Korleis kan vi gjenbruke ressursane?
v/ dagleg leiar Kolbjørn Akervold, Envir AS
16:00 – Panel og diskusjon
Kva er god leiing i praksis?
Kva gjev resultat – og kva gjer det ikkje?
(Lerum, Simas, Hydro, Envir)
16:45 – Gruppearbeid / refleksjon
Kva tek du med deg heim som leiar?
17:30 – Oppsummering og avslutning
18:00 Middag
Innleiarar
Praktisk informasjon
Dato: Onsdag 16. september
Tid: Kl. 12.00
Stad: Campus Fosshaugane, Sogndal
Pris: 300 kr for lunch, seminaret er gratis inkl middag 1200 kr.
Påmeldingsfrist: onsdag 9. september
Parkering Campus: P-hus Lines eller Eplekjellaren.
Påmelding
Påmeldingsfrist: 9. september.
Om arrangørane
Bedriftshelse 1
er den største lokale bedriftshelsetenesta på Vestlandet og arbeider for å skape trygge, inkluderande og helsefremjande arbeidsplassar gjennom rådgiving innan arbeidsmiljø, HMS, helse og leiing.
Med sterk lokal tilstedeværelse og høg fagleg kompetanse ønskjer vi å vere ein nær samarbeidspartnar som bidreg til gode arbeidsliv og berekraftige verksemder i regionen.
SMB99
SMB99 er ei vekstforeining i sterk utvikling for eigarar og leiarar i små og mellomstore bedrifter. Foreininga tilbyr eit unikt nettverk der medlemmene kan hente inspirasjon, fagleg påfyll og verdifulle relasjonar.
Gjennom erfaringsutveksling, møteplassar og samarbeid får eigarar og leiarar moglegheit til å utvikle seg, skape nye forretningsmoglegheiter og ta betre beslutningar. Foreininga består av svært dyktige eigarar, leiarar og partnarar som aktivt bidreg til reell vekst og verdiskaping.
Bli medlem av SMB99 på smb99.no