Ei stor bedrift i ei lita bygd

Bedriftshelse1-på-fresvik-produkt1.jpg

Fresvik har 204 innbyggarar, medan Fresvik Produkt er over 40 tilsette.

Fresvik Produkt er ei spennande bedrift som har spesialisert seg på ferdigtilpassa isolasjonspanel til kjølerom, fryserom og næringsbygg. Dei har hovudkontor i Fresvik med 40 tilsette, og salskontor i Drammen med 2 tilsette.

I løpet av 38 år har dei klart å bygge opp 40 arbeidsplassar frå den vetle bygda med berre drygt 200 fastbuande. Dette er ei bedrift vi er stolt av å ha som kunde i Bedrifthelse1.

Ingen bedrift er for avsides

Fresvik ligg 65 kilometer frå Sogndalsfjøra, på ein krunglete veg langs fjorden. Likevel har Fresvik Produkt vore kunde av Bedriftshelse1 i fleire år. Dei har aldri sett det som ei ulempe at dei ligg eit stykke unna bedriftshelsetenesta.

– Det er ingen bedrifter som er for avsides for oss. Vi leverer tenester i alle geografiske delar i vårt nedslagsfelt, fortel Anders-Otto Plassen i Bedriftshelse1.

– Og vet du, det som er fint med å ligge eit stykke unna, er at dei tilbringar heile dagen med oss når dei kjem på besøk, fortel Siv Settevik, produksjonsleiar i Fresvik Produkt.

Kartlegg støy og støv

Bedriftshelse1 har helsekontrollar hos Fresvik Produkt kvart tredje år. I tillegg er vi på besøk eit par gangar i året, og har god kontakt på telefon når det er behov for det.

Fresvik Produkt nytter hjelp til å kartlegge forskjellige arbeidsmiljøfaktorar som støy, støv og ergonomi, i tillegg til rådgjeving innan fleire felt som angår HMS.  

– Har vi nokon utfordringar, tar vi kontakt og får hjelp. Bedriftshelse1 har hjelpt oss i mange situasjonar, både ved fysiske og psykiske utfordringar. Arbeidsplassvurderingar er ein av tinga vi er veldig fornøyd med. Her har dei har hjelpt oss med å unngå sjukemeldingar som gjelder muskel og skjelettplager, fortel Settevik.

Ho legg til at det betyr mykje å ha ein ekstern part i HMS-arbeidet, og at dei treng gode råd heile vegen. Og vi i Bedrifthelse1 takkar for at vi får ha ei så flink bedrift på kundelista.

  Foto: Johannes Gunvordal frå Bedriftshelse1 på vernerunde hos Fresvik Produkt.

Foto: Johannes Gunvordal frå Bedriftshelse1 på vernerunde hos Fresvik Produkt.