Ekornes byta ut høgt sjukefråvær med teamarbeid og gode samtalar

  Fysioterapeutene Malin Renate Seljeset og Kristine Maurset frå Bedriftshelse1, avdeling Nordfjordeid, gjer ei ergonomisk kartlegging. FOTO: Pål A. Berg.

Fysioterapeutene Malin Renate Seljeset og Kristine Maurset frå Bedriftshelse1, avdeling Nordfjordeid, gjer ei ergonomisk kartlegging. FOTO: Pål A. Berg.

Ekornes på Grodås gjekk frå sjukemeldingar på 12 prosent til 2. Fasiten har vore strukturelle endringar og eit godt samarbeid med Nav og bedriftshelsetenesta.

Ekornes er største møbelprodusent i Norden, kanskje mest kjend for Stressless. Fabrikken på Grodås i Hornindal er høgt spesialisert på innvendige og synlige tre­komponentar til sofaer. Dei tel 75 tilsette og få sjukemelde. Men slik har det ikkje alltid vore.

– Vi sleit med høgt sjukefråvær. Det er samansette grunnar til det, men som produksjonsbedrift, er vi ekstra utsatt for belastning- og slitasjeskadar, fortel Dagfinn Gjerde.

Han har vore i Ekornes sidan 1998, med avdelingsleiartittel sidan 2016. Allereie då hadde dei vore i gang med sjukefråværsoppfølging i omlag eit år. 

– Sjukefråværet gjekk litt ned til å begynne med, men så eskalerte det. I august 2016 var vi oppe i ein sjukefråværstopp på over 12 prosent. Men med god, systematisk oppfølging, var vi nede i rekordlave 2,35 prosent eit år seinare, fortel Gjerde.

Han er nøgd med å sjå gode resultat. Sjølv om det har teke litt tid og krevd ein del arbeid, ser han no at dei gjer ting riktig. Eit god samarbeid mellom dei tilsette, Nav, og bedriftshelseteneste har vore fasiten, samt lege eller fysioterapeut ved behov.

Vi sleit med høgt sjukefråvær. Det er samansette grunnar til det, men som produksjonsbedrift er vi ekstra utsatt for belastning- og slitasjeskadar.
— Dagfinn Gjerde, avdelingsleiar Ekornes.

Samarbeid med NAV og Bedriftshelse1

Ekornes har kopla på erfarne folk frå Nav og bedriftshelsetenesta. Det har gitt eit kompetent team med kontinuerlig tilrettelegging for dei sjukemelde. I tillegg blir det jobba meir med å førebyggje. Det handlar om trivsel, kommunikasjon og ergonomiske tilpassingar. Nå kan tilsette få oppfølging på tomannshand. Leiinga får tilbakemelding på kva tilrettelegging dei må gjere. Slik blir det enklare å få på plass endringar, både for tilsette og leiarar.

Malin Sunde er bedriftssjukepleiar i Bedriftshelse1 og har lenge jobba tett med Ekornes. Ho meiner òg samarbeidet mellom bedrift, Nav og Bedriftshelse1 har vore vellukka.

– Vi har eit fast møte ein gang i månaden. Då er det stort sett dei same personane frå Nav og bedriftshelsetenesta som kjem, noko som skapar tryggheit blant dei tilsette. Er det behov for fysioterapeut, får eg med meg ein kollega frå Bedriftshelse1 for vidare oppfølging eller arbeidsplassvurdering. Og er det behov for å møtes oftare, gjer vi det, fortel ho.

Strukturelle endringar

I tillegg til å jobbe tett med bedriftshelsetenesta og Nav, har Ekornes gjort strukturelle endringar på produksjonslinja. Tidlegare kunne alle bytte arbeidspostar frå dag til dag. Det betydde usikkerheit, «nye» kollegaer og lite føreseieleg arbeidsdag.

– Nå har vi plassert alle i mindre team. Då bytter dei på ansvar innafor sitt team, men det blir meir fokus på samarbeid i teamet. Eg trur dette skapar betre kvardag for dei tilsette, fortel Gjerde nøgd.

Fabrikken på Grodås har tilsette frå mange kommunar, men NAV Hornindal tatt på seg å ha ansvar for alle sjukemelde, uansett kommune. Så kommuniserer dei ut mot dei andre involverte kommunane.

– Etter vi begynte å jobbe med Nav og Bedriftshelse1 er vi mykje tettare på dei tilsette. Når dei vert sjukemeld er vi flinkare med tilrettelegging og folk har blitt betre på å gi beskjed. Eg trur lista for å komme med tilbakemeldingar har blitt lågare. Vi pratar meir om slike ting, fortel avdelingsleiaren.

  FOTO: Pål A. Berg.   

FOTO: Pål A. Berg.