Enorm vekst har gitt Jatak nye utfordringar

jatak-kaupanger.jpg

– Før kjende eg alle tilsette godt, men med over 60 tilsette blir forholda annleis.

Sigrun Rygg er økonomisjef hos Jatak Kaupanger. Ho har jobba her i over 10 år, og har alltid vore tett på dei tilsette. Men no er forholda annleis. På to år har bedrifta gått frå 40 til 60 tilsette og hatt ein auke i omsetning på over 20 millionar.

– Det er ikkje like lett å bli kjend med alle tilsette. Ein vil jo at alle skal bli tatt godt vare på, men no krev det meir av oss i administrasjonen. Då er det godt med ekstern hjelp frå mellom anna bedriftshelsetenesta, fortel Rygg.

Aukar kompetansen

Jatak likar utfordringar og er glad dei veks fort. For å tilpasse seg slike endringar, har dei jobba tettare med Bedriftshelse1. Dei har auka kompetansen på fleire område, både i administrasjonen og i produksjonen.

–  Eg har vore på ein del kurs sidan eg starta her for litt over eitt år sidan, og eg har verkelig fått mykje ut av alle kursa, seier Nils Jørgen Vee, fabrikksjef.

Han nemner både førstehjelpskurs, handtering av rus og avhengigheit, psykososialt arbeidsmiljø og HMS.

– Det er viktig å ta tak i arbeidsmiljøet. Både for at vi skal kunne meir om kva problem som kan oppstå, korleis ein skal takle det og ikkje minst for å vise dei tilsette at dei er viktig for oss

Vee trur ikkje det var so vanleg å fokusere på rusproblematikk og psykososialt arbeidsmiljø før. Men no ser han kor viktig det. No veit han kva han kan gjere om enkelte situasjonar oppstår på jobb.

– Det er godt å vite at vi kan hjelpe dei tilsette og har god tilgang på hjelpen som trengst, legg han til.

Avhengig av ekstern kompetanse

Idar Vikdal er formann på den nye elementfabrikken til Jatak. Han veit godt korleis det er å ha sjukdom og skadar blant dei tilsette. Han er glad han har eit tett samarbeid med bedriftslegen hos Bedritshelse1.

– Ser eller høyrer eg at ein av dei tilsette sliter med noko, sender eg ein e-post til bedriftslegen vår og spør korleis han kan hjelpe. Og vi får alltid svar kjapt. Når ein unngår ventetid, er det så mykje lettare å ta tak i problemet før det blir for stort, påpeikar han.

Ove Li har jobba som bedriftslege i Bedriftshelse1 i mange år, og har god erfaring med å jobbe tett på bedrifter.

– Det er klart at vi har ein fordel med å kjenne bedrifta slik vi ofte gjer. Eg har jobba med Jatak i fleire år, og tek dei kontakt, ser eg meir av det store bildet. Eg veit gjerne kvar skoen trykker, fortel Li.

Hjelp på fleire fagområde

I tillegg til å bli godt kjent med bedrifta, jobbar bedriftslegen tett på anna helsepersonell.

– Har eg ein pasient som heller burde vore hos fysioterapeut, kan eg gå rett over gangen og snakke med fysioterapeuten vår. Vi kan finne gode løysingar saman, fortel Li.

Og det synast Idar Vikdal er viktig for Jatak.

– Nå som vi opna ny elementfabrikk trong vi hjelp med å finne gode og riktige arbeidsstillingar for dei tilsette og passe på støynivået i lokalane. Då fekk me òg hjelp av Bedriftshelse1, som tok kartlegging og målingar for oss.

– Det er greitt at vi kan kontakte bedriftshelsetenesta ved behov, så hjelper dei oss og sett oss i kontakt med dei riktige folka, legg Vikdal til.

  Idar Vikdal, formann på element, saman med Nils Jørgen Vee, fabrikksjef.

Idar Vikdal, formann på element, saman med Nils Jørgen Vee, fabrikksjef.