Gratis frukostseminar i Sogndal

 

Bedriftshelse1 ynskjer å hjelpe deg som bedrift til å bli ein betre bestillar av bedriftshelseteneste. Vi inviterer til eit gratis frukostseminar i våre lokaler i Sogndal.

frokost.jpg

Vi vil gje deg eit innblikk i kva tenester vi kan tilby og kva du kan nytte oss til.

I eit av punkta i rapporten om framtidig bedriftshelseteneste som blei lagt fram 5.juni etter oppdrag frå arbeids- og sosialdepartementet blir det påpeika at  bestillarkompetansen for bedriftshelsetenester må betrast i alle bedrifter.

Vi vil gje deg ei generell innføring i kva vi kan tilby og i tillegg gje deg innblikk i to viktige fagområde: Kontorlandskap og støy.

 Dato: 6.september 2018  kl. 9 - 10

Stad: Sogndal - Bedriftshelse1, Fossetunet 1A

 

Kurshaldar: Bedriftshelse1 v/ Randi Marie Sjøholt og Anders Otto Plassen

Påmeldingsfrist: innan 3. september 2018