Kvifor vere med på HMS-kurs for leiarar?

– Å møte andre leiarar som sit på kunnskap og erfaringar ein ikkje har i eigen bedrift, er verdifullt, fortel Hanne Hoel Pedersen, HMS-leiar i Hydro Årdal.

I Bedriftshelse1 tilbyr vi HMS-kurs for leiarar, både lovpålagt (1 dag) og grunnkurs i arbeidsmiljø (40-timerskurset). HMS-kurset er tilpassa leiarar med arbeidsgjevaransvar.

– Vi ønskjer at alle leiarar skal gjennomgå dette kurset. Det er nyttig og informativt, i tillegg til at det er eit lovpålagd kurs. Formålet er å utvikla arbeidsplassen din til å bli så sikker og god som mogleg. Både for dine tilsette og deg som leiar. Det er fokus på verdiskaping og ivaretaking, fortel Randi Marie Sjøholt, administrerande direktør i Bedriftshelse1.

Hanne Hoel Pedersen med Annbjørg Olga Lereng i Bedriftshelse1 i Årdal.

Lærer av andre leiarar

Hydro Aluminium i Årdal er jamleg med på HMS-kurs for leiarar. Hanne Hoel Pedersen er HMS-leiar og opplever at dei som har vore med på kurset er godt nøgd.

– Det er mykje god kunnskap her, utan tvil. Å møte andre bedrifter på kurset gir oss mykje. Då kan vi diskutere ulike innfallsvinklar og komma med ulike erfaringar, fortel Hoel Pedersen og legg til:

– Det er godt å ha eit skikkeleg kurs, då set ein av tid til å læra seg stoffet. Det er snakk om ein del lover og reglar, som for mange er tungt å læra seg. Då er det bra å møta andre ein kan diskutere med, slik at ein tolkar dei ulike lovene riktig.

Inkluderer verneombod

I tillegg til å kursa leiarane sine, legg Hydro Årdal vekt på å inkludera alle verneomboda sine i utdanninga. Spesielt hovudverneombod får ei stadig meir sentral rolle, og alle verneombod får tilbod om å delta på grunnkurset.

– Det er veldig bra verneomboda får ei meir sentral rolle. Dei gjer ein viktig jobb i bedrifta - i tillegg til leiarar. Saman kan dei utfylle kunnskapen til kvarandre og auke fokus blant resten av dei tilsette, seier Randi-Marie Sjøholt.

Vidare påpeiker ho at arbeidslivet i dag har vorte meir og meir samansett og at det kan vere vanskeleg for leiarane i både små og store bedrifter å halde oversikta over alt som angår helse, miljø og sikkerheit.

Bedriftshelse1 oppmodar alle leiarar til å gjennomføre 40-timars grunnkurs for å få ein djupare forståing av alle faktorane som spelar inn på arbeidslivet. Dette gjeld særleg innanfor organisatoriske og psykososiale faktorar som har store utfall på arbeidsmiljøet og effektiviteten i bedriftene. Å auke kompetansen blant bedriftsleiarar innan helse, miljø og sikkerheit er eit ynskje frå arbeids- og sosialdepartementet

Kurs tilpassa eiga bedrift

Med over 560 tilsette, er Hydro Årdal ein av dei som får kurset tilpassa sine behov. Første dag med HMS-kurs for leiarar er ofte i lag med andre bedrifter, medan dag to av 40-timarskurset er internt med tilpassa opplegg.

– For oss i Hydro er kurset tilpassa veldig bra. Vi har teori saman med andre bedrifter, noko som gir oss sunn input og andre innfallsvinklar. Så har vi resten av kurset internt på fabrikken, der innhaldet vert tilpassa vår arbeidskvardag. Det gjer kurset utruleg lærerikt. 


Våre HMS-kurs i 2021:

Vi held kurs ulike plassar i Sogn og Fjordane, her er det berre å melda seg på. Er det ingen kommande kurs som passar? Ta kontakt, vi set opp kurs på bestilling.

HMS-kurs for leiarar (1 dag):

Grunnkurs arbeidsmiljø (40-timer):

Blogg, NyheitGasta Design