Her trimmar dei 9 minuttar kvar dag

Fylkesmannen-pausetrim.jpg

Fylkesmannen si landbruksavdeling har drive med pausetrim i over 10 år. Sjå video!

– Dette er noko vi som tilsette synest er svært bra. Det er godt å kome opp frå kontorstolen, og så er det sosialt. Vi får fram morosame kommentarar, og latteren sitt laust, fortel Bjørg Nes Melheim, kontorleiar for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Fylkesmannen si landbruksavdeling i Førde starta med pausetrim allereie i 2007. Det betyr at dei har heldt på i over 10 år.  Tilsette prøver å minne kvarandre på dette kvar dag klokka 13. Og då hopper minst halvparten av dei til saman 20 tilsette ut i gangen når musikken startar.

– Det er verkeleg ein god kultur dei har klart å skape. Slike tiltak er enkle å få i gang. Det krevst ikkje særleg med planlegging. Det finnes CD-ar med musikk og instruksjon til øvingar, fortel Anders-Otto Plassen i Bedriftshelse1.

Bedriftsfysioterapeuten skulle ønske han såg fleire bedrifter gjere det same. Han blir glad når han er på besøk hos kunden og ser den gleda som kjem når dei trimmar.

– Det er like viktig for arbeidsmiljøet som den fysiske helsa, påpeikar Plassen.

Sjå video her: