Hjartestans?

Lite har endra seg med hjarte-lunge-redning. Men nokon ting bør øvast på jamleg.

– Det er ikkje lov med pausar. Det er tungt med hjartekompresjonar, så ein blir sveitt, seier ei engasjert Annvei Foss, bedriftssjukepleiar i Bedriftshelse1.

Bedriftshelse1 held mange førstehjelpskurs, både for større bedrifter, enkeltpersonar og mindre grupper. Foss er hos ein kunde ho har vore hos fleire gonger. Det gjeld å øve, for å kunne handtere ein akutt situasjon på best mogleg måte. Foss veit at jo oftare du trenar på hjarte-lunge-redning, jo betre blir du.

– Då slepp du å lure på kva du skal gjere, og i kva rekkefølgje. Ved hjartestans har ein ikkje tid til å miste, påpeiker ho.

Ufarleggjer situasjonen

Hjartestans på ein arbeidsplass er noko av det ein fryktar mest. Kva gjer ein? Som kollega er det viktig å kunne handle raskt. I Bedriftshelse1 har vi mykje fokus på å ufarleggjere situasjonen.

– Kor mange innblåsingar var det igjen? Ikkje tenk slik, det viktigaste er å handle. Friskar ein opp kunnskapen, og får trena på ei dokke i ein stressa situasjon, blir ein mindre usikker når ein akutt situasjon oppstår, fortel Foss.

Øver med mobil

Prosedyren for hjarte-lunge-redning er lik som for ti år sidan. På våre kurs trenar vi på å kome raskt i gang. Eit godt hjelpemiddel er mobilen, som nesten alle har i veska eller lomma i dag.

– Ein skal ringe 113, sette telefonen på høgtalar og starte med hjarte-lunge-redning. Ein skal kunne prate med AMK-sentralen, mens ein utfører hjarte-lunge-redning. Dette øver me på. Gjer du ting i riktig rekkefølgje, sparar du verdifull tid, fortel Foss.

Dei som deltek på våre kurs, får trene på å vere åleine, og med to eller fleire reddarar. Fordeling av arbeidsoppgåver og effektiv byte av arbeidsoppgåver er viktig, og det å bli einig om når og kven som hentar hjertestartar (dersom den er i nærleiken). Fleire bedrifter har hjertestartar på arbeidsplassen og kursa inneheld informasjon om korleis han fungerer. Det vert demonstrert korleis ein koplar opp ein hjertestartar.

På tide med eit førstehjelpskurs?

Treng du å friske opp kunnskapen? Vi kjem til di bedrift og held kurs. Er de ei lita bedrift, kan de melde dykk på eit av våre planlagde kurs. Er de ei bedrift med spesielle behov, tilpassar me kurset etter bedrifta sitt ynskje.

Våre kurs varer vanlegvis i tre timar, med fokus på eigen sikkerheit, varsling, vurdering av pust og bevisstheit, praktisk øving på sideleie, hjarte-lunge-redning og praktisk øving på dokke med ein og to hjelparar.

BloggGasta Design