– HMS-dagen er ein bra arena for fagleg påfyll

HMS-dagen-på-Voss.jpg

­Voss kommune har vore med på HMS-dagen alle dei 10 åra vi har arrangert.

  Astri Remme i Voss kommune.

Astri Remme i Voss kommune.

Astri Remme er HMS-rådgjevar i Voss kommune, ein kommune med over 1200 tilsette. Dei har mange leiarar og verneombod, der alle vert oppmoda til å dra på HMS-dagen kvart år. So langt er Voss kommune største deltakargruppe denne dagen.

– Det varierer frå år til år kor mange vi stiller, alt etter tema. Dette er frivillig for dei tilsette, men HMS-dagen tar opp viktige tema og tilbyr gode forelesarar. Så eg trur våre folk får mykje igjen for å delta på denne dagen. Det er ein fin måte å få kunnskap og friske opp ting på, fortel Remme.

HMS-dagen, som vert arrangert kvar haust på Voss, gjev bedriftene fagleg påfyll og inspirasjon. Det er ein møteplass for folk i ulike bransjar. Kanskje møter du naboen òg? Eller finn noko interessant hjå ein av dei som har stand denne dagen?

– Det skal vere ein dag med lausare snipp enn andre kurs vi held og vi krydrar gjerne programmet med litt humor og kulturinnslag. Men vi er opptekne av å ha god kvalitet på foredragshaldarane våre, fortel Liv Jorun Borge i Bedriftshelse1.

Stort spenn i deltakarar

  Torgunn Hegland i Lindstad Bygg AS.

Torgunn Hegland i Lindstad Bygg AS.

Torunn Hegland, administrasjonsansvarleg i Lindstad Bygg AS, deltek for femte år på rad og meiner dette er ein dag alle burde få meg seg. Sjølv prøver ho å stille kvart år og gler seg til årets arrangement 1. november.

– Det er flott med ein slik dag, der ein kan få inspirasjon og innspel frå andre bedrifter og bransjar. Det er ein bra arena for fagleg påfyll, fortel ho.

Som administrasjonsarbeidar i eit selskap med mange handverkarar, ligg mykje av HMS-jobben på Hegland. Då synes ho det er viktig med dagar der ein treff andre med same oppgåver, sjølv om bransjane er forskjellige.

– Det er stort spenn i deltakarane. Eg møter gjerne ein barnehage, samtidig som eg møter andre i byggebransjen. Det er bra å møte folk i andre bransjar å få eit anna perspektiv på HMS-jobben.  

Jubileumsår = 3 forelesarar

Bedriftshelse1 arrangerer i år HMS-dagen for tiande gong. Dette vert feira med tre forelesarar, der hovudtrekkplasteret er Ståle Einarsen frå Universitetet i Bergen. Professoren og psykologen skal ha fokus på trakassering og destruktiv leiing. Han skal mellom anna prate om arbeidsgjevar og tilsette sine rettar og plikter når det kjem til mobbing, trakassering og påstandar om dårleg leiing.

I tillegg kjem Nils Asbjørn Lie, HR-direktør i Flåm AS, for å fortelje om kva dei har gjort for å bli ein av dei største reiselivsaktørane i Noreg. Evy Dale, seniorinspektør i Arbeidstilsynet, kjem for å fortelje om deira samfunnsoppdrag, strategi og fokusområde.

– Det er eit spennande program som vi trur treffer mange. I Bedriftshelse1 prøver vi å nå mange bransjar med våre tema, og trur vi får det til etter kva tilbakemeldingar vi får, fortel Liv Jorun Borge.

Delta på HMS-dagen 1. november?