Stress har blitt verdas tredje største helseproblem

Kvifor lar vi stress bli vår verste fiende? Lær deg heller å gjere stress til din fordel.

I ei stadig meir komplisert verd, er stressa situasjonar ein del av kvardagen for mange. Arbeidslivet er i stadig endring, fusjonar og samanslåingar er eit faktum og teknologien utviklar seg i rekordfart. Fleire og fleire kjenner seg stressa.

– Stress er livsviktig og veldig individuelt. Det finst mange typar stress, men ikkje alt stress er uheldig. Stress kan bidra til at du yter betre. Moderat stress kan vere med å heie deg fram og motivere deg, seier Toril Smedbold, bedriftssjukepleiar i Bedriftshelse1.

Lær deg å handtere stress

Toril Smedvold, bedriftssjukepleiar og psykiatrisk sjukepleiar.

Men det finst uheldig stress som gjer deg sliten og nedstemt. Slikt stress kan vere ubehageleg og gje søvnproblem og hovudverk. Det kan gjere deg uroleg, fortvila og utsliten.

– Denne typen stress har blitt til verdas tredje største helseproblem. Tenk det! Folk blir langtidssjukemelde på grunn av stress, fortel Smedbold.

Bedriftssjukepleiaren hjelper folk å meistre stress. Smedbold fortel at ho rettleier deltakarar til å oppdage noko hos seg sjølv, for så å lære å meistre dette.

 – Alle må ta ansvar for eige stress og det er ikkje alltid enkelt. Å ta ansvar når du handterer stress, betyr at du må takle «ukomfortable» tema. Vi hjelper deg ut av komfortsona di og rettleiar deg vidare, forklarar ho.

Persolog stresskurs

Smedbold er sertifisert kurshaldar i «Persolog stresskurs». Dette er eit læringsverktøy som blir brukt over heile verda. Det er basert på John G. Geier sin åtferdsforsking og bygger på aktuell stressforsking. Ein kartlegg ved hjelp av ein stressprofil, eit verktøy som vart introdusert i Norge i 2018.  

– Eg gler meg til å ta i bruk dette verktøyet. Det vil gi meir struktur på kursa og gjer det lettare å gje tett oppfølging.

Kurset blir tilpassa kunden og varer gjerne frå tre timar til ein heil dag. Kurset passar alle, då det er fokus på å førebyggje uheldig stress. Det kan vere bedrifter i ein omstillingsprosess, endring på arbeidsplassen, eller andre ting som gjer at det kan vere lurt å kartlegge og førebyggje stress.  


Våre stresskurs:

Våre kurs i stresshandtering, er delt opp i «spørjeskjema 1» og «spørjeskjema 2». Du kan velje å nytte berre spørjeskjema 1 eller i kombinasjon med spørjeskjema 2.

Spørjeskjema 1

  • Omhandlar arbeidsrelatert stress.

  • Består av 80 spørsmål som måler 11 arbeidsrelaterte stressfaktorar.

  • Kvar deltakar fyller ut ein jobbrelatert stressprofil på førehand (elektronisk).

  • Elektronisk svarprofil med stressindikatorar som identifiserer kva utfordringar ein har i bedrifta.

  • På sjølve kurset vil ein diskutere korleis løyse aktuelle tema i grupper. Det vil òg bli undervisning om stress.  

  • Varigheit: 3-4 t. Gruppebasert.

Spørjeskjema 2

  • Omhandlar individuelt stressmønster.

  • Består av 30 spørsmål der arbeidsrelaterte stressfaktorar vert kopla til individuelt stressmønster.

  • Kvar deltakar fyller ut ein individuell stressprofil på førehand (elektronisk).

  • Elektronisk svarprofil med analyse av 11 ulike stressmønster. Profilen vert brukt til å takle arbeidsrelatert stress, som personleg stressanalyse og til å jobbe med individuelle tiltak.      

  • Vårt indre perspektiv på korleis vi opplever stress blir kopla til den enkelte sin personlegheit, noko som er unikt.

  • Individuell gjennomgang på 1 time (fokus på personleg stress og korleis takle det).

BloggGasta Design