Velkommen til HMS-dagen på Voss 6.november

Tema: Varsling

Presentasjon av den ideelle varslingsprosessen

Målgruppe: Leiarar, tillitsvalde, verneombod og tilsette i bedrifter og organisasjonar

Dato: Onsdag 6. november 2019

Stad: Park Hotel Vossevangen

Tid: kl. 08.30 – 15.30

Påmelding: innan 31. oktober 2019. Bruk link under.


PROGRAM

08.00: Registrering – kaffi

08.30: Velkomen v/regionleiar Vegard Kolve

Kulturinnslag v/Torbjørn «Kvitanesen» Ljones

09.00: Tema for dagen: Varsling
Advokat Birthe M. Eriksen ph.d. og psykolog Cecile Thorsen vil ta for seg den ideelle varslingsprosessen. T.d kva som fremmar ei god handtering og kva for fallgruver som eksisterer i eit juridisk og psykologisk perspektiv.

12.00: Lunsj

13.00: Forts. Eriksen og Thorsen

14.15: Diskusjonspanel

15.15: Avslutning og vel heim


Om foredragshaldarane

Birthe_Eriksen.jpg

Birthe M. Eriksen

Birthe M. Eriksen er advokat og har skrive doktorgrad om tilsette sin rett til å varsle om kritikkverdige tilhøve. Ho er førsteamanuensis ved Handelshøyskolen BI der ho underviser i bla. gransking, økonomisk kriminalitet og arbeidsrett. Ho har brei erfaring innan arbeidsrett, personvernrett, bedriftsleiing og korrupsjon. Ho har arbeida med ei lang rekkje små og store varslingssaker i privat og offentleg sektor. Ho har i sitt arbeid fokus på å integrere juss med forståing for makt og organisasjonspsykologiske prosessar. Når ein skal forstå og handtera varsling, er det viktig å forstå at dette både er eit rettsleg og eit organisasjonspsykologisk fenomen. Det er også viktig at ulike aktørar som tillitsvalde, verneombod og leiarar styrker sin kompetanse og redefinerer sine rollar i møte med varsling.

Cecilie+Thorsen.jpg

Cecilie Thorsen

Psykologspesialist Cecilie Thorsen har dei siste fem åra samansett erfaring med handtering av varslingssaker i privat og offentleg sektor, frå individuell rådgiving av tilsette og leiarar, til bistand på organisasjonsnivå og arbeid med organisasjonskultur. Ho vil bidra med kunnskap og eigen erfaring frå klinisk psykologi og organisasjonspsykologi med å belysa følgjande: Kva er det med varslingssaker som kan bli så krevjande? Kvifor må ein handtere varslingssaker på ein god måte? Og korleis gjer ein det?