Perfekt leiing!

Perfekt leiing finst ikkje, til det er det for vanskeleg å tilpasse ulike menneske og ulike omgjevnader.

Men god og dårleg leiing finst og forsking viser at god leiing fører til betre lønnsemd og mindre sjukefråvær hjå bedrifter.

I dag er mange bedrifter i store endringsprosessar på grunn av fusjonar og samanslåingar. Det skjer store endringar både i privat næringsliv og i det offentlege.

Kva er god leiing i slike prosessar? Det finst ikkje eit enkelt svar, men mange har forska på det og det er skrive mange bøker og forskingsbaserte artiklar om dette temaet.

God leiing fører ofte til innovasjon utan at ein er bevisst på akkurat det. Gary Hamel, ein forskar som skriv om framtidas leiing, seier at leiing har eit langt større potensiale for å skape konkurransefordelar for ei verksemd. Hamel utrykker at det som til slutt vil begrense ein organisasjon sin prestasjon og utvikling er modellen ein leiar etter.

John P. Kotter, ein av dei mest kjende forskarane på leiing, har laga ein åtte-trinns modell for å lukkast med endringsprosessar. Hovudkonklusjonen til Kotter er at dei tilsette må forstå verkelegheita med endringane og at det må kommuniserast på ein god måte. Det betyr at informasjon ikkje berre er viktig, men vesentleg. Mål er viktig å sette og ein må involvere dei tilsette i visjonen og strategien som skal føra til målet. Dette må gjerast enkelt og lett å forstå for alle. Informasjon og kommunikasjon er altså viktig. Ein endringsvillig leiar skapar også entusiasme mellom dei tilsette slik at dei yter meir.

Endring kan føre til at arbeidsmiljøet endrar seg og  tilsette misser litt fotfeste i ein utrygg endringsprosess og det oppstår reaksjonar.

Vi i Bedriftshelse1 har god erfaring med å hjelpe verksemder i endringsprosessar. Sjølv om ein er godt førebudd oppstår det situasjonar som ein ikkje har forventa. Endring kan føre til at arbeidsmiljøet endrar seg og  tilsette misser litt fotfeste i ein utrygg endringsprosess og det oppstår reaksjonar. Dette kan vera reaksjonar som td. konfliktar, mistrivsel og stress. Vi har hjelpt mange bedrifter i ulike situasjonar der vi har dyktige medarbeidarar som har erfaring med denne type arbeid og vi gjev råd til både leiing og tilsette.

Har det først oppstått ein vanskeleg situasjon, så er det viktig å ta tak i det så tidleg som muleg. Løyser ein det på eit tidleg stadium kan ein unngå større konfliktar og lange sjukefråvære som kan koste bedriftene mykje.

Vi i Bedriftshelse1 har dyktige medarbeidarar som kan hjelpe deg med organisatoriske utfordringar og det psykososiale arbeidsmiljøet som konfliktar, stress, mobbing, truslar, AKAN arbeid som td. rusavhengigheit og mykje mykje meir.

Har du ei utfordring du slit med, ta kontakt med oss så kan vi gje deg gode råd og verktøy i ein utfordrande situasjon. Vi kan hjelpe deg med både kartlegging og tiltak.

BloggGasta Design