Feil bruk av høyrselsvern kan gje falsk tryggleik

Formstøpte-hørselsvern-johannes-viser.jpg

Mange trur dei er godt beskytta mot støy ved bruk av musikk i øyret eller eingongsøyreproppar. Det kan gje falsk tryggleik.

Johannes Gunvordal jobbar som verneingeniør i Bedriftshelse1 og seier han opplever at stadig fleire arbeidstakarar i ung alder har nedsett høyrsel. Det kan vera fleire grunnar til det, men ein ting er sikkert: Gode høyrselsvern på arbeidsplassen er utruleg viktig.

– Alle arbeidsgjevarar har ansvar for eit fult forsvarleg arbeidsmiljø. Dette gjeld òg bruk av høyrselsvern. Mange er flinke, men det er ein del som slurvar. Særleg der ein ikkje er eksponert for støy over tid, men «berre nett» skal fikse noko lite - med ei maskin som bråkar, fortel Gunvordal.

Over tid vil dette kunna skada høyrselen på lik linje med alt anna støy. Difor er det så viktig å førebyggje høyrselsskadar med rett og tilstrekkeleg bruk av høyrselsvern.

Ha høyrselsvern lett tilgjengeleg

I tillegg til verneingeniør hjå Bedriftshelse1, er Gunvordal bonde i Sogndalsdalen. Han veit kor lett det er å gløyma høyrselsverna når han «berre nett» skal fiksa noko med traktoren eller liknande.

– Difor har eg lært at eg treng høyrselsvern hengjande alle plassar. Skal eg ut å fiksa noko med traktoren eller med ei maskin, har eg dei lett tilgjengeleg, slik at eg ikkje slurvar, fortel Gunvordal.

Ha rett høyrselsvern – gjerne formstøypte

I tillegg til å passa på at ein nyttar høyrselsvern når behovet er der, må ein vera bevisst på kva type høyrselsvern ein nyttar. Mange trur at musikkproppar og eingongsproppar er godt nok.

– Proppar som er meint for å spela musikk, vil ikkje stengja ute lyden, berre overdøyva den. Og det vil vera falsk tryggleik. Lydbølgene blir ikkje stengt ute, du høyrer berre dei frå musikken, forklarar Gunvordal.

Difor tilrår Gunvordal formstøypte høyrselsvern. Då får du proppar støypt og tilpassa ditt øyre.

– Dei formstøypte høyrselsverna har ein liten bøyg på seg akkurat som øyregongen din. Du vrir dei inn i øyret. Slik sitt dei godt, i motsetning til eingongsproppar som har ein tendens til å sige ut att av øyret etter kvart, forklarar han.

Eingongsproppar kan i mange høve vere falsk tryggleik om ein ikkje brukar dei rett. Ein må varma dei opp, retta ut øyregongen, for så og setja proppen langt nok inn. Dette slik fabrikanten visar til, om ein skal oppnå rett demping.

Vern med rett lydfrekvens

Formstøypte høyrselsvern er gode til all bruk, då du vil få tilpassa dei med det lydfilteret og dempinga du treng etter den støyen du oppheld deg i.

Ulik lyd har ulik frekvens. Difor vil ein musikklærar ha eit anna behov enn ein snikkar eller industriarbeidar. Med formstøypte høyrselsvern får du dette tilpassa dine behov. Og det eksistera ulike typar på marknaden som er gode. Desse er ikkje i staden for dei konvensjonelle, men i tillegg for å variera.

– Det er klart dei kostar litt meir i innkjøp, men det er ei billig investering om du held på høyrselen din. Eg har hatt mine høyrselsvern i åtte år no, så eg veit dei er rimelege.

Vil du vite meir? Ta gjerne kontakt med Johannes Gunvordal i Bedriftshelse1 .

Formstøpte-hørselsvern-ørepropper.jpg