Julehelsing frå Bedriftshelse1

iStock-1054244884.jpg

God jul!

frå Bedriftshelse1

Bedriftshelse1 er i stadig omstilling og modernisering. Vi har som mål å levere tenester med best kvalitet, tilpassa deg som kunde og dei behova du har. Korleis skal vi greie det?

Vi har kartlagt kompetansen til alle våre medarbeidarar og lagar no utviklingsplanar for kvar og ein av oss. Vi satsar på dei tilsette sin kompetanse og at dei kan levere dei beste tenestene. I tillegg moderniserer vi den teknologiske plattforma vår.

Fordi vi er ei medlemsbedrift - og ikkje eit aksjeselskap som skal ta ut utbyte - går alt av midlar til vidareutvikling av verksemda. Dette gjev oss mulegheit til å ha stort fokus på kvalitetsarbeidet vårt.

Psykososialt arbeid viktig

I tillegg til god kvalitet på det vi leverer, er tenestene rundt psykososialt arbeid sett høgt på dagsordenen. I dei siste 30-40 åra har arbeidsmiljøet blitt endra i Noreg. Arbeidstakarar og leiing har blitt meir likeverdige og arbeidstakarane har meir medverknad i arbeidskvardagen sin. Dette har og ført til meir konfliktsaker og utfordringar på det psykososiale arbeidsmiljøet.

Vi i Bedriftshelse1 satsar mykje på kompetansen vår på dette området og vi hjelper deg som kunde i dei vanskelege sakene. Vi har sertifiserte medarbeidarar bl.a. innan konflikthandtering, faktaundersøkingar og AKAN. Vi har og utvikla eit konsept for stressmeistring. 

Vi i Bedriftshelse1 skal ha den beste fagkompetansen på førebyggjande helse for di verksemd framover.

Følg med på bloggen vår

Dersom du er i tvil om kva du kan nytte oss til, kan den nye bloggen vår vere til hjelp. Her har ein del bedrifter fortalt sine historier i samarbeidet med oss.

Kanskje du er ein av dei som har lyst å fortelje di historie i 2019?

Du finn og mykje god informasjon om tenestene vi tilbyr her på nettsidene våre, i tillegg finn du og kontaktinformasjon til alle våre tilsette i alle regionar.

Ikkje gløym at vi kan spesialtilpasse kurs etter ditt ynskje innanfor våre fagområde, det er berre å ta kontakt med oss. All informasjon om kurs som vi held framover finn du på kursoversikten vår.


Til slutt vil eg ynskje velkommen til alle nye kundar, og ei fredfull og fin julefeiring til alle.

 

GOD JUL

Vennleg helsing

Randi Marie Sjøholt

Adm. dir