Forflytningstekikk førebyggjer muskel- og skjelettplager

forflytnignsteknikk bedriftshelse1.jpg

Tilsette i helse- og omsorgssektoren står ovanfor mange tunge løft. Med god forflytningsteknikk unngår du løft og kan sparast for unødvendige muskel- og skjelettplager.

– Folk burde slutte å lyfte og heller forflytte pasientane. Løftar du ein pasient, jobbar du mot tyngda, og det gir spesielt stor belastning på ryggen. I forflytningsteknikk er prinsippa å redusere friksjon og skyve eller dra. Det toler ryggen mykje betre, forklarar Torild Kveberg, bedriftsfysioterapeut i Bedrifthelse1.

Skal du forflytte pasienten riktig, må du tenkje over ditt eige bevegelsesmønster. Korleis reiser du deg frå ein stol eller snur deg i senga?

– Når du sjølv er bevisst på korleis du lenar overkroppen når du reiser deg, kan du lettare hjelpe pasienten til å gjere det same. Ein pasient som får hjelp til å bidra med eigen vekt og styrke, gjer forflyttninga langt lettare, fortel fysioterapeut Rikke Gjerde Reistad.

Bra for tilsette og pasientar

Gjerde Reistad er tilsett i Kvam herad og fortel at kommunen har mykje fokus på forflytningsteknikk. Dei jobbar systematisk med bevisstgjering av korleis ein skal nytte det naturlege bevegelsesmønsteret i arbeidet, og korleis dei best kan leggje til rette for at pasienten kan hjelpe til med eigne bevegelsar.  

– Eldre og sjuke treng hjelp til å bevege seg. Vi som hjelper dei må ha fokus på korleis pasienten sjølv kan bidra. Ikkje berre er det mindre belastande for dei tilsette, det inkluderer pasienten og stimulerer til betre utnytting av styrken som fortsatt er i kroppen, fortel fysioterapeuten.

Forflytningsteknikk gir ein vinn-vinn-situasjon, då pasienten sine eigne ressursar vert nytta i størst mulig grad, i tillegg til at det førebyggjer muskel- og skjelettplagar hjå dei tilsette.

Kvam herad har vunne pris

Kvam herad har jobba aktivt med forflytningsteknikk sidan 1991. Saman med bedriftshelsetenesta har dei utarbeida rutinar, som dei følgjer i det daglege arbeidet med pasientane.

– Vi har ein rettleiar i kvar avdeling. Det betyr at det er rundt 20 personar i kommunen som har ekstra sterkt fokus på forflytningsteknikk. Desse personane har samlingar to gonger i året, for å terpe på teknikkar og lærer nye rettleiingsmetodar.

Kommunen underviser alle nye tilsette og ferievikarar. I tillegg har dei jamlege oppfriskingskurs for alle tilsette, eit arbeid som har resultert i ein arbeidsmiljøpris.

– Kvam herad vann arbeidsmiljøprisen i 2002, ein pris vi i bedriftshelsetenesta delte ut. Grunngjevinga var at dei har jobba systematisk med forflytningsteknikk og inkludert sine tilsette på ein god måte. Med rettleiarar i kvart team, har dei kunnskapspersonane ute i felten. Dei kan overføre erfaringar og kunnskap til sine kollegaer igjen. Dette er ein god modell, forklarar Kveberg frå Bedriftshelse1.

Har utnemnd ein sentral kunnskapsgruppe

forflytningsteknikk bedriftshelse1 og kvam herad

Same året som Kvam herad vann arbeidsmiljøprisen, oppretta dei ei sentral forflytningsteknikkgruppe. Denne gruppa fungerer som ein overordna motor for dei tilsette i kommunen. Her sit ein fysioterapeut frå kommunen, ein forflytningsrettleiar, leiar for pleie og omsorg i kommunen, samt Kveberg frå bedriftshelsetenesta.

Gruppa planlegg samlingar og jobbar for at rutinane blir etterfølgde. Dei har òg fokus på kompetanseutveksling om nyheiter innan utstyr og teknikkar. Det er til dømes viktig at det er heisar tilgjengeleg for dei som ikkje har funksjon nok til å stå eller reise seg med støtte.

– Gruppa gir oss eit overordna blikk. Vi får betre fokus på hjelpearbeidaren og kan samle alle tilbakemeldingar. Det er dei som er i felten som veit kor «skoen trykkjer» og kan melde om utfordringar eller betringar. Vi ser på kva som er greitt for helsearbeidaren, i høve Arbeidsmiljølova. For dei er det godt med nokon å vende seg til, fortel Gjerde Reistad.

Må terpe på teknikk

I arbeidet med god forflytningsteknikk er fokuset heile vegen å førebyggje muskel- og skjelettplager. Dette gjer at dei tilsette i helse- og omsorgssektoren kan stå i jobben lenger, med færre sjukemeldingar og betre trivsel.

Men det å endre folk sine arbeidsrutinar kjem ikkje utan utfordringar. Gode vanar er vonde å vende, og for mange må det mykje terping til før nye rutinar er innarbeidde.

– Om du har gjort noko på din måte i fleire år, er det klart at det er ein del jobb å endre på arbeidsmønsteret. Sjølv om du veit at det er til det beste for både deg og pasienten, seier Gjerde Reistad.

– Men terping gir resultat. Kvam herad har fått til mykje i ein kommune med 8500 innbyggjarar. Dei har turt å satse på førebygging, understreker Kveberg frå Bedriftshelse1, før ho legg til:

– På alle arbeidsplassar er det viktig å unngå lyft, og bruke riktig forflytnings- og løfteutstyr.

Fyseioterapeutene Torild Kveberg frå Bedriftshelse1 (t.v.) og Rikke Gjerde Reistad frå Kvam herad viser riktig forflytningsteknikk.

Fyseioterapeutene Torild Kveberg frå Bedriftshelse1 (t.v.) og Rikke Gjerde Reistad frå Kvam herad viser riktig forflytningsteknikk.