Kva gjev eit godt arbeidsmiljø? Er godt arbeidsmiljø lik god butikk?

Trond Haukedal, Pål Molander og Arne Johannessen kjem alle på Vårseminaret i Norheimsund 4. april.

Trond Haukedal, Pål Molander og Arne Johannessen kjem alle på Vårseminaret i Norheimsund 4. april.

På Vårseminaret i Norheimsund 4. april vil du mellom anna få servert erfaringane til Arne Johannessen, politiinspektør og leiar i Vest politidistrikt.

– Som leiar er det lett å bli spist opp av arbeid på PC-en. Ein må ta seg tid til å sjå alle tilsette og prioritere tid til å vise respekt, fortel Johannessen.

Politiinspektøren ønskjer å dele sine erfaringar om det å skapa eit godt arbeidsmiljø. Han er leiar i Vest politidistrikt (GDE Sogn og Fjordane) - og har tidligare vore leiar i Politiets Fellesforbund.

Erfaringane hans rommar 30 år med stort personalansvar som lensmann, og erfaringar på nasjonalt nivå med innføring av ny pensjonsreform og historias største politikonflikt.

– Eg er veldig oppteken av kvardagsleiinga. Eg vil sjå folk for den dei er og respektere at vi har ulike roller. Eg ser på respekt som ein grunnleggande verdi i leiarskap, fortel han.

Gode erfaringar med trepartssamarbeid

I tillegg vil Johannessen dele av erfaringane frå nasjonalt nivå, der verdiane av eit trepartssamarbeid er viktige nøkkelord for godt arbeidsmiljø - ikkje minst i ei tid med omstilling og store endringar.

Johannesen har lukkast i å gjennomføre store endringar. Han har vore med å endre heile kulturen i politiet, etter ein slåande rapport om dårleg arbeidsmiljø og mobbekultur i 2009.

Alt dette får du høyre meir om på Vårseminaret i Hardanger 4. april.

Tre av Norges beste forelesarar

Vi har vore så heldig å få Pål Molander som forelesar i år. Han kjem med fersk forsking om kva tiltak som gjev gode arbeidsmiljø. Molander er direktør ved Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI), og er ein svært engasjert og ettertrakta føredragshaldar som er oppteken av at godt arbeidsmiljø er god butikk.

Med sin unike evne til å formulere viktige bodskap på ein enkel måte, vil du garantert sitte igjen med konkrete råd om tiltak i organisasjonen som verkar.

I tillegg kjem psykolog Trond Haukedal for å snakke om «medarbeidar, først og fremst menneske». Her vil du få innspel og erfaringar på individnivå. Trond Haukedal har i over 23 år reist land og strand rundt for å formidle «menneskekunnskap», og er kåra til både årets føredragshaldar og kurshaldar i Noreg.

– Dette er tre av Norges beste førelesarar, så vi er veldig stolt over programmet i år, fortel Torild Kveberg i Bedriftshelse1.

25 år med kortreist kunnskap

Vårseminaret vert arrangert i Norheimsund (på Thon Hotel Sandven) den 4. april. Det er 25. gong vi arrangerer seminaret og ideen har alltid vore den same.

– Vi fraktar folk hit. Det er kortreist kunnskap. Slik kan fleire delta og det bli enklare for verksemder å sende både tilsette, verneombod og leiarar, seier Kveberg.

Vil du vite meir om arrangementet?