Veit du om arbeidsplassen din er «fri» for radon?

Johannes Gunvordal er verneingeniør hjå oss i Bedriftshelse1 og har jobba med radonmålingar meir enn 10 år.

Johannes Gunvordal er verneingeniør hjå oss i Bedriftshelse1 og har jobba med radonmålingar meir enn 10 år.

Radon er kreftframkallande og farleg å puste inn over tid. Å friskemelda innelufta for radon, er stort sett ein rimeleg og enkel operasjon.

Radongass reknast for å vere den viktigaste risikofaktoren for lungekreft etter røyking, ifølge Kreftforeningen. Å pusta inn radongass er i seg sjølv ikkje farleg, det er eksponering over tid som aukar risikoen for kreft.

Radon finst naturleg i berggrunnen, i større eller mindre grad. Denne gassen trekkjer inn i hus via opningar - langs røyr, sprekker i golv og liknande. Difor bør alle bygningar målast regelmessig og alltid etter ombygging.

Arbeidsgjevar har ansvar

Det er eigar av bygget som har ansvar for å måle radonverdiane. Likevel kan det vere leigetakar må minne byggeigar på dette.

– Som arbeidsgjevar har ein eit ansvar overfor sine tilsette. Etter Arbeidsmiljølova skal ein ha eit forsvarleg og trygt arbeidsmiljø. Dette omfattar òg inneluft og verdiar av radon, fortel Johannes Gunvordal, verneingeniør hos Bedriftshelse1.

Difor ber han alle arbeidsgjevarar om å sørga for at det vert gjort gjentakande målingar, enten dei eig eller leiger kontorlokala.

– Det er ofte store variasjonar frå bygg til bygg sjølv om dei ligg ved sidan av kvarandre. Difor er det smart å gjennomføre målingar i alle lokal, påpeiker Gunvordal.

Mål radon om vinteren

I Bedriftshelse1 tilbyr vi måling av radonverdiar som ein enkel og rimeleg operasjon. Ved å nytte ein sporfilm som måler innelufta i to månader av vinterhalvåret, vil vi få ein årsmiddel. Har vi behov for raskare svar, kan vi nytte vårt elektronisk instrument. Då vil vi kunne sjå kor høge verdiar vi er eksponert for, og når dei oppstår gjennom døgnet.  

– Anbefala måleperiode er frå oktober til april, det er då radongassen er mest aktiv, fortel Gunvordal.

Vi ønskjer minst mogeleg av denne gassen i pustelufta vår. Vi har difor ein grenseverdi på 200 Bq/m3, med ei tiltaksgrense på 100 Bq/m3. Det betyr at vi ønskjer å liggja så lågt som mogeleg under denne tiltaksgrensa når folk er i bygget. Desse verdiane er det Direktoratet for strålevern og atom (DSA) som set.

– Men det er ikkje alltid slik at verdiane er konstant låge, dei varierer etter utetemperatur og luftfuktigheit. Når ventilasjonsanlegget er rett innstilt, vil gassen bli ventilert ut og verdiane vere lågare. Difor må ein måle verdiar over tid, fortel Gunvordal.e

Dette elektroniske instrumentet vil vise kor høge verdiar av radon vi er eksponert for, og når dei oppstår gjennom døgnet.

Dette elektroniske instrumentet vil vise kor høge verdiar av radon vi er eksponert for, og når dei oppstår gjennom døgnet.

Tiltak

Verneingeniøren har jobba med radonmålingar i over 10 år, og veit kor stor effekt nokre få tiltak kan gje.

– Sjølv om vi opererer med ei tiltaksgrense, er målet alltid å få verdiane «så låge som mogleg». Er verdiane under 100, men vi ser at det er mogleg med ytterlegare forbetringar, anbefaler vi desse. Dette i tråd med anbefalingane frå DSA, forklarar Gunvordal. 

Dei fleste som har for høge verdiar, kan få eit forsvarleg nivå ved å betre inneklima. Ofte er justeringar av ventilasjonsanlegg nok. Er det ekstreme nivå, kan ein måtte sette i gang meir drastiske tiltak, men det er ikkje ofte.

– Ved nybygg kan ein leggje ein duk under huset, slik at radongassen ikkje kjem inn. Det finnast òg bygningsmessige tiltak ein kan gjere på eksisterande bygg. Men for dei fleste held det å gjere noko med ventilasjonsanlegget, forklarar verneingeniøren.