10 tilsette på få år gav Highsoft nye utfordringar

Grethe Hjetland ser at Highsoft-tilsette får hjelp til riktig sittestilling av bedriftsfysioterapeut Anders-Otto Plassen.

– Å vekse raskt og samtidig oppretthalde eit godt arbeidsmiljø, er utfordrande. Difor tok vi kontakt med Bedriftshelse1.

Det fortel Grethe Hjetland. Ho er dagleg leiar i Highsoft, IT-bedrifta i Vik som har vekse i rekordfart sidan oppstart i 2009. Dei utviklar produkt som får Microsoft og Facebook på kundelista. Dei har vorte kalla «ein pengemaskin» og trur sjølv løysinga er å fokusere på kunden sitt behov og sette krav til kvalitet.

Men det er ikkje berre enkelt å drive ei bedrift i rask vekst. Det kjem veksesmerter med på kjøpet. I dag er dei 26 tilsette, og ser for seg enda fire-fem tilsette i løpet av 2018.

– I vår bransje sit ein mykje i ro framfor PC-en. Når vi i tillegg begynner å få det trongt på kontoret, krevst det mykje arbeid rundt trivsel og arbeidsmiljø, fortel Hjetland.

Behov for profesjonell hjelp

Bedriftshelse1 har vore fast leverandør av bedriftshelseteneste i fleire år. Då Highsoft veks frå seks til elleve tilsette i 2013, såg dei behovet for profesjonell hjelp. Ikkje berre for ergonomi og tilpassing av arbeidsstillingar, men òg for å etablere og vidareutvikle eit godt psykososialt arbeidsmiljø.

– Skal ein trivst på jobb, må ein jobbe med sosiale relasjonar mellom tilsette og leiarar. Alle tilsette vil over tid møte personlege utfordringar både privat og på jobb. Då er det viktig at vi legg til rette for dette, og lærer oss å sjå heile mennesket, seier Hjetland.

Den daglege leiaren er klok av skade. Ho har erfart å følgje opp ein tilsett med alvorleg sjukdom. Og den gongen sa ho det klart: Dette skal eg aldri gjere utan hjelp frå profesjonelle igjen.

Så då vart det slik.

– Å ha ein bedriftshelseteneste som våre tilsette har eit godt forhold til, er avgjerande. Dei kan få hjelp direkte, dei treng ikkje å kome til meg. Det kan vere skuldersmerter eller livskrisar. Dei har fagpersonar på så mange områder og kan mykje eg ikkje kan, fortel Hjetland.

Ho vil det beste for sine tilsette og stiller meir enn gjerne opp. Men ho ser at det ofte er lettare om nokon andre kjem inn og bidrege. Det å ha rådgjevarar med fagkompetanse til å rettleie og rådgje, kan gjere stor forskjell. Dei tilsette får ein objektiv part, som dei ikkje treng å sjå kvar dag.

– Eg trur det er mykje hjelp i berre å vite at moglegheita finst for dei tilsette. Vi har fokus på førebyggande arbeid, fortel ho.

Betre forberedt

Bedriftshelse1 er på jamleg besøk i Vik, for å sjå at dei tilsette har optimale arbeidsforhold og for å vere der om nokon treng det.

– Det er godt å vite at vi tilbyr tenester som er målretta og nødvendige. Det er lurt å vere forberedt om det skulle oppstå noko kritisk på arbeidsplassen. Då er ein betre rigga for å handle raskt, seier Anders-Otto Plassen, bedriftsfysioterapeut med utdanning i organisasjon og leiing.

Plassen jobbar tett med Highsoft og fortel at dei har eit gjensidig tillitsforhold. Å jobbe så tett, i tillegg til å kjenne dei lokale forholda i Sogn, gjer at Bedriftshelse1 kan levere enda betre tenester.

– Det er få bedrifter som ikkje har episodar med personalhandtering, legg fysioterapeuten til.

Bedriftshelse1 tilbyr rådgjeving om det skulle oppstå ein konflikt på arbeidsplassen, trakassering, truslar, vold, stress, eller ved ei krise eller ulykke. Bedriftshelse1 kan òg gje rettleiing ved omstillings- og endringsprosessar. Les meir om psykososialt arbeidsmiljø her.

BloggGasta Design