Lerum kan vere stolte over lågt sjukefråvær

Trine Lerum Hjellhaug saman med Roger Hjellhaugsom jobbar i syltetøyproduksjonen.

Trine Lerum Hjellhaug saman med Roger Hjellhaugsom jobbar i syltetøyproduksjonen.

I fjor flytta dei heile syltetøyproduksjonen til Kaupanger, utan å redusere produksjonen. Likevel gjekk sjukefråværet ned samanlikna med året før.

– Det synest eg er utruleg. Det viser at vi jobbar godt som eit team også når det «brenn». Folk er villig til å stå på når det er behov. For det har vore ein krevjande periode, fortel Trine Lerum Hjellhaug, administrerande direktør i Lerum.

2018 var året heile produksjonen av syltetøy skulle flyttast frå kaien i Sogndalsfjøra til fabrikken på Kaupanger. Ikkje berre måtte tilsette i Lerum jobba i eit bygg under utviding og oppussing – produksjonen skulle gå i same tempo som før.

– Om vi ikkje hadde klart å levere i same tempo, hadde kundane våre valt eit anna merke. Det kunne vi ikkje risikera.

Flytta ei og ei produksjonslinje

For dei tilsette på produksjon, betydde det å flytte ei og ei produksjonslinje frå Sogndal til Kaupanger. Dei måtte auke produksjonen i forkant, for å kunne ha ein «nullperiode» medan dei rigga ned og flytta maskinane. Etter dei vart rigga opp, måtte dei auke produksjonen igjen.

– Det har vore mykje ansvar og jobb på dei tilsette. Det er alltid litt innkøyringstid, men no ser ting ut til å gå slik som vi ønskjer, fortel Trine.

Trur på openheit og samhald

Difor gjer det leiaren ekstra stolt å vise fram eit totalt sjukefråvær på 3,1 prosent i 2018. Det kunne fort ha vore langt høgare i eit så hektisk år. Sjukdom og belastningsskadar kjem fort i slike periodar.

– Eg håpar og trur folk gir beskjed når det er noko. Det er alle fall det vi jobbar for. Det skal vere låg terskel for å gje beskjed, uansett kva det er, fortel Lerum Hjellhaug.

Hennar strategi liknar strategiar frå idrettsverda, der alle er like viktig for å nå ønska resultat. Lerum har ein flat organisasjonsstruktur og ser dei som administrerer, produserer og rengjer lokala som like verdifulle for sluttresultatet.

Hyppig brukar av bedriftshelsetenesta

Det betyr at det er kort veg til bedriftshelsetenesta i Lerum. Dei ønskjer at folk skal nytte tilbodet her, enten det er lege, ergoterapeut, sjukepleiar eller dei berre treng nokon å snakka med.

– Lerum har mellom anna hatt behov for å kome raskt til vurdering for plager i muskel og skjelett. Då er det bra dei kontaktar oss. Det er viktig å være tidleg på bana med aktive tiltak for å førebygge forverringar og sjukmeldingar, fortel Anders-Otto Plassen i Bedriftshelse1.

Fysioterapeuten tar jamleg ein gjennomgang med tilsette, der han gir konkrete råd om arbeidsstillingar og korleis kroppen er laga for å tåla belastningar. Dette er det viktig å gjere folk bevisst på.

– Hos Lerum har vi ei slik ordning at leiaren tek kontakt med oss, enten det er meg, bedriftslege, sjukepleiar eller yrkeshygienikar. Deretter avtalar vi vidare oppfølging med den tilsette direkte, forklarar Plassen.

– Denne ordninga fungerer veldig bra. Vi nytter oss hyppig av tenestene Bedrifteshelse1 tilbyr. Dei har «alt» på ein stad og det gjer det enkelt for oss å kopla dei på i ulike situasjonar, fortel Lerum Hjellhaug.

Godt rigga ved akutte situasjonar

Lerum opplever, som alle andre, uventa ting som ikkje kan førebyggjast. Dei har hatt dødsfall av tilsette etter endt arbeidsdag. Kva gjer ein då? Korleis handterer ein neste dag på jobb? Då hentar Lerum inn kompetanse frå bedriftshelsetenesta.

– Det gjer at vi lettare kan ta vare på tilsette i ein vanskeleg situasjon. Med ein fast bedriftshelseteneste kjenner dei tilsette fleire av helsepersonellet og er etter kvart trygge på dei. Det gjer arbeid i vanskelege situasjonar lettare.

Og akutte situasjonar treng ikkje alltid vere tragisk, men likevel viktig å ta tak i - før det vert eit større problem.

– Her om dagen hadde vi ein tilsett som fekk eit kink i ryggen på jobb. Han gav beskjed til oss, og vi kontakta fysioterapeut hos Bedriftshelse1. Han fekk raskt time og begynte behandlinga. Slik trur eg vi slapp unna ei potensiell langtidssjukemelding, fortel Lerum.

Trine Lerum Hjellhaug i godt humør når hun pratar med Hrafnhildur Sverrisdottir. Sverrisdottir er tilsett på laboratoriet og på lageret i Lerum.

Trine Lerum Hjellhaug i godt humør når hun pratar med Hrafnhildur Sverrisdottir. Sverrisdottir er tilsett på laboratoriet og på lageret i Lerum.