Fem gode grunnar til å ha bedriftshelseteneste

Vi er eigd av kundane våre og alt vi gjer munnar ut i eit mål om å redusere og førebyggje sjukefråvær gjennom å skape og ivareta eit godt arbeidsmiljø. Her kjem fem gode grunnar til at tenestene Bedriftshelse1 tilbyr skapar verdi for alle bedrifter:

 

1.       Trygge arbeidsplassar

Bedriftshelse1 sine verneingeniørar jobbar med å måle radon-nivået på arbeidsplassar, samt ei rekkje andre oppgåver innan rådgiving for innreiing og støy.

Trygge arbeidsplassar er det mange forbind med ei bedriftshelseteneste. Ein sikrar at dei tilsette har gode arbeidsforhold, noko ein tenkjer er ei enkel oppgåve å løyse. Likevel er det mange deler av arbeidet ein jobbar med som ein ikkje tenkjer er farleg, men som kan ha store påverknader på dei tilsette over tid. Bedriftshelse1 har tilsette som jobbar kontinuerleg med å løyse, ikkje berre synlege problem på arbeidsplassen, men òg usynlege og meir ukjende problem.

Mange arbeidsplassar opererer med kjemikaliar ein ikkje veit konsekvensane av, og det kan ofte vere i deler av arbeidet, som t.d. reingjering. Når ei bedriftshelseteneste går inn i bedrifta, er dette noko ein ser etter. Våre yrkeshygienikarar jobbar til dagleg med å sikre at dei kjemikalia som er i bruk på arbeidsplassen er trygge for dei involverte arbeidstakarane, og at dei blir brukt på ein forsvarleg måte for å sikre at helsa til dei tilsette blir ivaretatt på lang sikt. Ein merkar sjeldan konsekvensane av arbeid med kjemikaliar med ein gong, difor er det viktig at ein kartlegg og forbetrar bruken av slike stoff.

Radongass er ein anna trussel for arbeidsplassen, og er rekna som den største risikofaktoren for lungekreft etter røyking, ifølge kreftforeningen. Den er for augo umogleg å oppdage, men vanleg og lite farleg i små mengder. Oppheld ein seg på plassar med mykje radon over tid, vil det likevel kunne få konsekvensar. Bedriftshelse1 sine verneingeniørar jobbar med å måle radon-nivået på arbeidsplassar, samt ei rekkje andre oppgåver innan rådgiving for innreiing og støy. Når arbeid som dette blir teke på alvor, gjer det bedrifta mindre utsett for sjukemeldingar og sjukdom på lang sikt.  

-Les også: Veit du om arbeidsplassen din er «fri» for radon?

 

2.       Fysisk friske medarbeidarar

Bedriftshelse1 har totalt 56 tilsette spesialistar som jobbar for at ein skal ha friske medarbeidarar på arbeidsplassen. Desse er legar, sjukepleiarar, ergoterapeutar, fysioterapeutar, psykologar, yrkeshygienikarar, verneingeniørar og HMS-rådgjevarar. Med 5,9% sjukefråvær har Norge eit stort forbetringspotensiale. Muskel- og skjelettlidingar står i seg sjølv for 29% av sjukefråværet. Det viser kor viktig det er at dine medarbeidarar er fysisk friske.

Våre tilsette sikrar at ein som arbeidstakar utfører oppgåver på ein måte som held kroppen ved like, og arbeider for at oppgåvene ein gjer ikkje skal ha negative verknader for arbeidsgivar og arbeidstakar i framtida. For fysisk tunge yrke, går vi inn som rådgjevar for å sikre så lite belastning som råd på dei deler av kroppen som er mest utsett for plager. Dette er vanleg når arbeidet blir for tungt, for einsformig eller blir utført i uheldige stillingar over lengre tid. Likevel er vanlege kontor-yrker òg utsett for slike plagar.

Det at tilsette sit i dårlege sitjestillingar framfor ein skjerm med lite fysisk aktivitet skaper eit stort problem for bedrifter på sikt, med konsekvensar som plager i hovudet, nakke, skulder og rygg. Dataarbeid kan gi statisk belasting på muskulaturen. Som bedriftshelseteneste jobbar vi saman med bedrifta for å forsikre oss om at arbeidsplassen ikkje skapar fysiske lidingar for dei tilsette. Vi støttar utforminga av ergonomiske gode løysingar ved ombygging av arbeidslokale, eller om ein ser eit behov for det. Ofte er det mange små frustrasjonar på kontoret som gjer det utfordrande å nå full effektivitet.

 

3.       Psykisk friske medarbeidarar

Vi jobber saman med bedrifter som Lerum for å skape trygge og gode arbeidsplassar.

Det er inga myte at det psykososiale miljøet på arbeidsplassen er viktig. 21% av sjukefråvær er begrunna utelukkande av psykiske lidingar. Det å forbetre dei psykososiale miljøa på arbeidsplassar har blitt ein prioritet for Bedriftshelse1. Psykiske lidingar på arbeidsplassen er òg ofte samansett og kan vere på grunn av stress, konfliktar, kriser, avhengigheit, angst eller depresjon og omorganisering, for å nemne nokre. Som bedriftshelseteneste har vi kompetansen til å forsikre oss om at arbeidstakarane kjem seg igjennom tunge periodar og utfordrande prosessar, utan at det går ut over effektiviteten til bedrifta.

Ei bedriftshelseteneste er ei støtte for både arbeidstakar og bedrift. Når ein går igjennom tunge prosessar på arbeidsplassen, anten det er som leiar eller tilsett, har Bedriftshelse1 kompetansen til å sikre at prosessen og resultatet blir bra. Vi har ekspertar innan leiing, konflikthandtering, psykososiale miljø og liknande som jobbar for at tunge periodar skal bli enklare for alle involverte i bedrifta.

I tillegg har det psykososiale arbeidsmiljøet mykje å seie for den fysiske tilstanden til dei andre tilsette. Stress og dårleg arbeidsmiljø fører ofte til plager i skulder og ledd, som tidlegare nemnt er det ein vanleg grunn til sjukemelding. Om leiarar treng støtte, rådgiving eller opplæring om korleis handtere press som kan oppstå ved endringsprosessar eller konfliktar vil Bedriftshelse1 kunne gå inn som meklar, men òg som kompetanseutviklar. Ein kan ta del i kurs Bedriftshelseteneste1 tilbyr for å forsikre seg om at prosessar går korrekt føre seg.

-Les også: Stresshandtering på jobb

 

4.       Betre lønnsemd

Trygge arbeidsplassar, fysisk og pyskisk friske medarbeidarar skapar eit godt arbeidsmiljø. Konsekvensen av gode arbeidsmiljø er lågt sjukefråvær og høg effektivitet. Om ein ikkje tek desse forhalda seriøst vil det gå ut over dei tilsette og det er ikkje alltid slik at effektivitetstap er lett å måle for alle selskap. Merkar ein likevel at effektiviteten endrar seg, er det mest sannsynleg ein følgje av endring i arbeidsmiljøet.

Ikkje berre vil det bli effektivitetstap til dei som jobbar, men det kan òg føre til sjukefråvær. I snitt kostar det ei bedrift 15 000 kroner å ha ein arbeidstakar sjukemeld i ei veke, men det er ofte fleire ulemper knytt til sjukemeldingar ein ikkje klarer å sjå med ein gong. Spesielt skapar det press på dei andre tilsette. For mange bedrifter er det ikkje alltid enkelt å erstatte ein tilsett midlertidig, og då blir arbeidsoppgåver fordelt ut over dei eksisterande arbeidstakarane. Desse får ofte eit effektivitetstap som ein konsekvens av den auka arbeidsmengda gjennom auka stress og forventningar. Litt stress er bra, men for mykje stress hindrar produktivitet.

Suksessrike bedrifter er ofte kjenneteikna av gode arbeidsmiljø og låg turnover av tilsette. Spesielt tre konsekvensar av dårleg arbeidsmiljø har innverknad på lønnsemda til ei bedrift. Den første er stress. I USA er 550 millionar arbeidsdagar tapte som følger av stress, 60 til 80% av arbeidsulykker er forårsaka av stress og det er rekna at verditapet på grunn av stress berre i USA ligg på rundt 4,8 billiardar kroner, eller nesten fire gonger det norske statsbudsjettet. I Noreg ligg det samfunnsøkonomiske tapet for dårleg arbeidsmiljø på 75 milliardar. I tillegg viser forsking at stress som følgje av dårleg leiing er skadeleg for hjarta, og aukar sannsynlegheiten for å døy av hjarteinfarkt.

I snitt kostar det ei bedrift 15 000 kroner å ha ein arbeidstakar sjukemeld i ei veke, men det er ofte fleire ulemper knytt til sjukemeldingar ein ikkje klarer å sjå med ein gong.

Den andre konsekvensen er manglande engasjement, ofte som følgjer av stress, feil leiing og kultur. I snitt har organisasjonar med lite engasjerte tilsette 37% høgare sjukefråvær, har 49% fleire ulykker og gjer 60% fleire feil. Dei opplever 18% lågare produktivitet, 16% lågare profitt og 65% lågare aksjeverdi. I tillegg får organisasjonar med fornøgde tilsette dobbelt så mange jobbsøknader, og har moglegheita til å hente betre kvalifisert arbeidskraft.  

Manglande lojalitet er den tredje konsekvensen. Stress og dårleg arbeidsmiljø fører til ei 50% auke i turnover av tilsette. Det å utlyse og tilsetje nye folk er rekna til å koste 20% av årslønna, og er ein svært tidkrevjande operasjon. Mange bedrifter har byrja å gi dei tilsette fleire materielle godar, men det viser seg at psykososial trivsel er betydeleg viktigare enn materielle godar når ein vil auke effektiviteten og lojaliteten til dei tilsette.

Som bedriftshelseteneste i over 30 år, har vi lang erfaring med å skape trivsel for dei tilsette. Kompetanseauke av leiarar og tilsette, rådgiving for tryggleik, utvikling av arbeidsplassen, preventive tiltak for å skape eit godt psykososialt miljø og tilbod som gir arbeidsgivarar moglegheita til å få rask assistanse om dei tilsette skulle få fysiske eller psykiske plager, er ein liten del av dei oppgåvene vi utfører. Vi er ein støttespelar for heile organisasjonen som skapar gode løysningar for at dei tilsette skal oppleve rett mengde stress, være engasjerte og skape lojalitet. Dette er grunnlaget for ein meir lønnsam og produktiv organisasjon.

Les også: Rekne ut kva sjukefråværet kostar di bedrift - Sjukefråværskalkulator

      

 

5.       Vi er eigd av kundane våre og vil det beste for di bedrift

Suksess for di bedrift, betyr suksess for oss. Suksess for oss betyr suksess for deg. For ei bedriftshelseteneste som Bedriftshelse1 er det å tilby tenester som skaper verdi det viktigaste. Vi er eigd av kundane våre, og jobbar alltid for å sikre at arbeidet vi gjer skapar best mogleg verdi, og sikrar framtidig suksess for di bedrift. Vi jobbar for å sikre at det fortsatt er ein fysisk nærleik mellom tenestene vi tilbyr og di bedrift, samt at vi er lett tilgjengelege for dei som treng oss.

Det er ikkje utan grunn at Bedriftshelse1 er Vestlandets største bedriftshelseteneste.

Fortsatt ikkje overbevist? Ta kontakt med oss for meir info.

BloggGasta Design